torsdag 20. november 2008

Snøver og lesestoff til helga






Når ein først har funne fleire aner i Hornindal tok det ikkje lang tid før blikket vart retta over Kviven mot Volda. To Voldaminne, utgitt av Volda Sogelag, låg i postkassa. Utgåvane frå 2000 og 2001. Nå er lesestoff for helga sikra, så no kan det snø så mykje det vil. Eg trur neppe det blir bytur i slik ver, det overlet eg til andre. Så får eg heller skrive, slekte og lese om orgelbygging og rypejakt. Men det er ikkje berre gamle ting som forbindes med Voldaminne. Ein tur i Volda sentrum ein kald vinterdag vinteren 2001 er også det. Regnet hadde sendt snøen på flukt, det var berre nokre små hauger igjen som vitna om at det hadde ligge snø der. Som vanleg når eg var ute på tur tok eg nokre bilder, blant anna av "BF Nordmøre" mellom Volda og Folkestad. Det andre bildet viser B-Blokka på Porse Studentheim.

Ingen kommentarer: