Det oppstod en feil i denne gadgeten

tirsdag 1. april 2008

Å skrive om det levde liv

Gjennom barndommen har eg høyrt mykje fortalt frå gamal tid. Det var bestemor som fortalde mens eg satt på fanget og høyrde på. Eg minnast stundane som noko av dei viktegaste i min barndom. Ho skrev aldri ned det ho fortalde, det er det eg som har syta for. Men det har teke sin tid å få det ned. For dei fleste blir det med tanken. Dei gamle er jo der slik dei var då du var liten. Men ein dag er det slutt. Vitnet er ikkje meir, biblioteket er borte. Det er ikkje lenger nokon du kan spørre hvis du lurer på noko om personane på det gamle bildet eller kva dei gjorde då onkel frå Amerika var på besøk for mange år sidan. Det er da det går opp for meg at livet går sin gong. Livet er ikkje noko som stopper opp. For kvar dag blir ein eldre. Difor er det viktig å få dei eldste i slekta til å fortelle eller å skrive ned minnene før det er for sent. Gjennom skrivinga finner vi ein rød tråd og ser ein samanheng vi ikkje har sett før. Det er gjennom minnene frå barndommen vi finner trådene som har ført oss fram til den vi er i dag. Vi lytter til stemmene som gjenforteller frå fortiden. Det handler om å overlevere denne historia til dei som kommer etter oss. Broker av bilder og lukter som vi omgir oss med her og no som i neste øyeblikk har blitt fortid. Det kan vere noko så enkelt som den ferien for mange år siden, som dei framleis snakker om. Men også det daglegdagse er viktig å få ned. Det er gjennom dei daglegadse hendingane vi viser korleis livet arta seg.

Ingen kommentarer: